PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Klubb Fritio

Velkommen til Klubb Fritio

Klubb Fritio er ein fritidsklubb for personer med psykisk utviklingshemming og vert driven av Tysnes Friviligsentral.
Me har fast KLUBBKVELD siste mandag i mnd utanom juli og august
Møtestad for klubbkveldane er Grendatun i Uggdal og det møter mellom 20-25 pers tilsaman inkl. ledsagarar.
5 kjekke frivillige damer saman med dl i Tysnes Frivilligsentral lager til desse klubbkveldane der det vert spelt musikk, dansa, det er høve til å syngja i mikrofon, det vert spelt boccia, det er loddsal og trekking av Gevinster og så til slutt på kvelden vert det servert eit måltid der det vert variert mellom hot dog, hamburger, pizza og gryterett.
Før sommarferien er det grillfest og før jul er det julebord. Me har i mange år reist til Stord og hatt julebord saman med Onsdagsklubben på Stord,  me har arr vårt eige julebord i Grendatun der  me har invitert Helsedansgjengen frå Fitjar. 
Me har også vore på Julebord i Os og det er ein del av våre medl som også er medl i Torsdagsklubben på Os.