PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Torsdagsturen

Ut på tur, aldri sur

Torsdagsuren vart starta opp i 1999 i samarbeid mellom psykisk helsevern i Tysnes kommune og Tysnes Frivilligsentral, då kalla Kontakten.
Dette er eit tilbud til alle, gamle som unge og det vert lagt vekt på at alle kan delta og at ein tar omsyn til den svakaste og legg opp turen deretter.
Dette er ein populær aktivitet som går kvar torsdag i uansett vær og den samler gjennonsnitt ca 10-12 pers. Den har utgongspunkt i parkeringsplassen nedanfor bedehuset i Våge kl 10.00. Turdeltakarane bestemmer saman kor neste tur skal gå og turane vert fordelt utover heile kommunen. 
Torsdag 29. okt. 2009, vart 10 års jubileet markert med middag på Laukhamar Fritid med 32 turdeltakarar til bords. Hildegunn Berge, leiar  av psykisk helsevern i kommunen takka turdeltakarane for den toleranse og inkluderande måten alla vert teken i mot på og at det alltid vert teken omsyn til dei svakaste i gruppa. Tor Ottersen, ivrig turdeltaker og medlem av kommunestyret då aktiviteten starta, snakka også om opp start av Kontakten og også nevnte aktivitet. Både Hildegunn og Tor overrekte blomehelsingar til Gunnbjørg Fagerbakk og Sissel Karin Clausen med takk for god ledelse av aktiviteten