Torsdagsturen
Ut på tur, aldri sur
Dette er eit tilbud til alle, gamle som unge og det vert lagt vekt på at alle kan delta og at ein tar omsyn til den svakaste og legg opp turen deretter.
Den positive gjengen av turdeltakarar vert kjenneteikna av toleranse og den inkluderande i måten alla vert teken i mot på og i at det alltid vert teken omsyn til dei svakaste i gruppa.
Dette er ein populær aktivitet som går kvar torsdag i uansett vær og den samler gjennonsnitt ca 10-12 pers. Turen har utgongspunkt i parkeringsplassen nedanfor kyrkjestova i Våge kl 10:00. Turdeltakarane bestemmer saman kor neste tur skal gå og turane vert fordelt utover heile kommunen.