2014


Frivilligprisen 2014
vert utdelt fredag 9. januar og vinnaren 2014 er:
GRETE BARMEN.
Alle med tilknytning til Tysnes Frivilligsentral er hermed invitert til utdelinga, hos Laukhamar Fritid kl 17.00
Det vert servert middag, dessert og kaffi.
Pris pr pers 250,-
påmelding på telf 94052087 (dagtid/kvardag)
el e post: post@tysnes.frivilligsentral.no
innan 5. januar.
Link til plakat:
/Res/tysnes.frivilligsentral.no/Dokumenter/Frivilligfest plakat.doc
FRIVILLIGPRISEN 2014
Styret i Frivilligsentralen har i møte 17.12.14 samrøystes vedteke at Grethe Barmen skal få Frivilligprisen for året 2014.
Vedtaket er fundamentert på frivillige aktivitetar og innsats gjennom:
-
Lokalpolitikken i Tysnes
-
Onarheim musikklag
-
Onarheim sokneråd
-
Onarheim bygdalag
-
Onarheim skule
-
Generell frivillig aktivitet
Stikkorda for dei fleste aktivitets- og innsatsområda er i det vesentlege sjølvforklarande. I musikklagt har Grethe vore aktiv i ei årrekkje. Og som lærar ved Onarheim skule har ho saman med elevane i stor grad stilt opp og gjort dugnadinnsats ved utallige arrangement på fullstendig frivillig basis. Det vere seg på basarar, idrettsarrangement, familiedagar og i kyrkja. Grethe er generalt eit «ja-menneske», anten det er for å stø opp om dametrimmen eller det gjeld spørsmål av meir privat karakter som hjelp ved konfirmasjon, bryllaup o.l. Skulle det i slike samanhengar vera trong for å laga ei kake eller to, plar det aldri vera noko problem!
Styret har vedteke at Frivilligprisen skal tildelast Grethe Barmen ved ei tilstelling på Laukhamar Fritid 09.01.14.